public static voi...

Tenke seg til! No skal eg ikkje berre vere scenevakt på hulen, men jammen skal eg også vere i baren på kvarteret. Første dag på kvarteret var i går, og eg stortreivst! Eg blir nok å sjå fleire ettermiddagar og kveldar bak disken på kvarteret. Og om litt skal eg få ei omvising i dei nyoppussa lokala til kvarteret. Dei gamle lokala hadde plass til litt over 2000 personar fordelt over tre etasjar, og no er visst kapasiteten auka ein del til. Skal bli stilig å sjå.

 

Elles er det lenge sidan eg har vore så trøytt som eg er i dag! Er ikkje ofte notatane mine ser slik ut:

 

 

tinynotepote

Er ikkje greit når ein får øl til internpris og blir invitert til å drikke saman med veteranar og leiarar på kvarteret! Resultatet viser seg å vere at søvnen slår inn sjølv medan ein skriv javaprogram. Midlertidig løysing: Red bull.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

bobblejakke

bobblejakke

19, Førde

Kategorier

Arkiv

hits