Mykje meir enn maling av naust.
Sommar er heldigvis så mykje meir enn maling av naust. Det er togtur til Hønefoss, uteliv i Hønefoss og ein Michael Jackson som dør så utestaden berre spelar konstant hans musikk, berre avbrote av Jonathan from Spotify. Det er roadtrip i liten golf med fin musikk. Det er Roskilde, Roskilde, og meir Roskilde. Og Roskilde er øl kvar dag, musikk, sol, urinstøv, men mest av alt folk eg trivest så godt med og eit høgdepunkt utan like i sommar.
Det er Naustdal Dampbakeri med jobbing frå 05:00 eller frå 04:00, eller kanskje det er natt til laurdag og jobbing frå 01:30. Det er jobbing du veit så godt ville sløkt det meste av livsglede hadde ein halde på med det resten av arbeidslivet. Det er den første sommarferien eg gledar meg til skal bli ferdig.
Bloggen min er verkeleg ei samling av oppsummeringar, men no har eg faktisk fått meg planar. Både i sommarferien og etter den. Til helga blir det tur til både Sogndal og Balestrand. I Sogndal finn eg Patrick, og i Balestrand finn eg både Ragnhild og ei Ingrid på besøk. Kor fint er ikkje det? Og kor fint er det ikkje å kunne dra til Sogndal helga etter det igjen og møte fleire hylkjefolk?
Og UiB har funne ut at eg skal få studere kognitiv vitenskap til hausten. Gledar meg, men gledar meg meir til å flytte inn i Torget 1A. I rommet mitt med stygge gylden-grøne velursofaer og Lack frå ikea rundt om og ei Line, ei Ragna og ein Ronny rundt rommet mitt igjen. Eg tel dagar til eg kan flytte, 15 dagar igjen!
Silje Karin
23.jul.2009 kl.23:19