Det ein gjer på Sandane.

Av ein eller anna grunn, er det ofte når eg vurderar å legge meg, at eg finn ut at eit blogginnlegg ville vore på sin plass. Eller kanskje det er fordi eg no har vore innom bloggen du finne her. Eg trur eigentlig det, for den er så fin å lese på. Det var i alle fall den som til slutt fekk meg til å skrive. For eg har tenkt at bobblejakka trengte meir innhald. Men når ein jobbar på Glopperock, så blir det lett ikkje tid til mykje anna enn nett jobb. I alle fall ikkje når ein jobbar 12 timar på ein regnvåt fredag. Så får ein sove 5 timar, før ein jobbar 20 timar ein kjølig laurdag og natt til søndag.  Kanskje det var ting der som kunne gjort seg gjennom ei kameralinse. Det var der sikkert. Men eg såg ikkje på det, for eg bar heller på ein flight...eller hundre. Er slikt ein gjer som frivillig festivalarbeidar, som jobbar så hardt at pressesjefen blir imponert og vil ordne betaling.

Når Glopperock er nedrigga, guten er restituert og sola kikar fram. Då finn ein alltids eit naust å klatte maling på. Medan ein klattar, kan det vere det kjem ein bever og ser på. Den såg i alle fall meg, men stakk når eg ville sjå den. Den lagde berre sjuke lydar, og så snart eg snudde meg stakk den ned i grumsevatnet i båthamna. Men beverar er greie som har hale ein kan kjenne dei igjen på. Og no veit eg at beverar høyrest ut som skadeskotne sekkepiper med kols. Eller kanskje beveren eg møtte på hadde kols og var skadeskoten..?

Naustklatting ligg godt innanfor det eg velgjer å definere som kjedeleg. Festing med Patrick, derimot, er ikkje kjedeleg. 12 halvliterar kvar er eigentleg det ein treng for ein knakande kjekk kveld. Og gjester fekk vi òg. Hadde ikkje heilt venta det på Sandane, men her var jammen meg fleire som drakk, og Patrick kjente ei av dei. Ho kom i følgje med ein gammal kjenning frå festkollektivet og ein mr. X. Han har eit namn, men verken eg eller Patrick var i stand til å komme på det dagen der på. Og det var ein heller hard dagen der på. Lenge sidan sist den har vore så hard. Men sjeldan den har vore så bra òg. Oppskrifta på ein bra dagen der på, viste seg å vere speilegg m/ bacon, smågodt, rikeleg med cola, hamburger ut på kvelden og vikingdokumentar på youtube. No må senga sovast litt i, for naustet må klattast ferdig, huset må ryddast, tinga må pakkast og 05:00 på måndag må bakarassistent Bjarte på jobb.

 

(Og kven veit. Kanskje her dukkar opp nokre bilete når eg får summa meg til å legge dei ut.)

Én kommentar

Silje Karin

20.jun.2009 kl.11:10

Genialt! Du skriv bra!

Skriv en ny kommentar

bobblejakke

bobblejakke

19, Førde

Kategorier

Arkiv

hits