Når eg no sit heime etter endå ein dag på naustdal dampbakeri, utmatta, sliten og trøytt, kjenner eg at eg verkeleg ser fram til Bergen. Så mykje kjekke folk på slik ein fin plass, og å bu i slikt eit rart, koseleg og underleg hus som det ein finn på adressa Torget 1A. Line fann til dømes ut at ovnen på rommet hennar hadde eigen ovnbrytar – kamuflert som ein lysbrytar. Trur ikkje mitt rom har ovnbrytar, men det skal i alle fall få projektor med vegg som lerret. Kanskje det må lagast til ramme rundt òg..?
Maling må vi også til med i huset. Dei som flytta ut hadde visst mala taket på rommet mitt. Det var lett å sjå, men ikkje fordi det var mala veldig bra... Og resten av huset har ikkje vore mala på lenge, og for lenge sidan var dei visst glade i rosa og ville i alle fall ikkje ha kvitt. Line er alt i gong, og er skamflink og har alt mala rommet sitt. Kanskje vi har ein vettug huseigar som vil sponse maling til oss, så lenge vi malar sjølv. Kanskje han også er så vettug at han pussar opp vårt heller slitte bad. Det skulle jo gjerast i fjor, det...
Livet som bakar er eit skummelt eit. Berre fordi alt av energi forsvinn i det eg kjem heim. Enten er det sykkelturen heim, eller så er det jobben. Trur mest på jobben som skuldig. Klart, jobben har sine goder med fri tilgong til bakarvarer og konditorar som til tider byr på kaker. Dei eg jobbar med er jo ein knakande hyggelig gjeng og løna er ikkje så ille heller. Men ein blir så lei! Den samme rutina kvar dag. Grovt sett er det: Lage vaniljekrem,frøbaguettar, havrerundstykker, grove rundstykker, fine rundstykker,ete
frukost, lage maistriangel, bardolinos, frøbriks, foccacia, landbrød, winerstenger og –kransar,
winerbrød, frukostrundstykker, bollestenger og
–kransar, superskillingsbollar, sol-,skule- og skillingsbollar, pizzabotnar, frukostrundstykker, kakebotnar, ete lunsj, lage pizzabrød og tacopizzabrød, sette over frysevarer, rydde eit halvt tonn med mjøl, deig, frø og ost, skinke og tacokjøt frå golvet og runde av dagen med å hive på plass nokre pallar med mjølsekkar i 5-6 meter høge hylleseksjonar på lageret. Og dette på arbeidstida frå 05:00 til 12:00, men i dag vart det ein og ein halv time overtid. I morgon er det på jobb 04:00, og på laurdag 01:30.
Trass jobb frå 01:30 til ut på morgonkvisten, blir laurdag ein bra dag! Eg skal til Sogndal (igjen) og der finn eg no Sivvi, Maria, Ronny, Silje og Ragnhild hos Patrick. Festing når ein overtrøtt funkar til ein viss grad – ein treng mindre alkohol, men sluknar desto fortare. Det fekk eg erfare sist laurdag, då eg og Patrick varma opp festlokalet. Og den fine laurdagen vart toppa av påfølgjande søndag. Aldri har vel ein søndag vore så fin som den! Ein søndag i Balestrand med Ragnhild, Ingrid, Patrick og Nils Christian er noko av det finaste og koslegaste ein kan finne på. Ragnhild leika uteseksjonen til jobben til Lina (ho held til på turistinformasjonen) og guida oss rundt i Balestrand, på akvariet og i Ciderhuset. I Ciderhuset fekk vi smake på fantastisk mat og cider. Det vart ein del mat den dagen. God mat! Då vi kom, vart vi servert ein utruleg god frukost, og seinare på dagen vart det lappar.
Det er ei helg ein kan leve lenge på, så får eg sjå om helga som kjem blir ei å leve lenge på, eller ei så heftig at ein kortar ned på livslengda. Værdø!